Eg er eit stolt, lite flaksegeni. Eg slumpa til å finne feilen som øydela alle mine forsøk på å på dele bilete på bloggen. Få vil nok sjå på det som ein siger med store positive konsekvensar for verda som heilskap, amvel er eg ikkje så reint lite stolt. Eg skal ikkje avsløre kva feilen var, då ler du berre
Read more…
Hei. Her er nokre ord eg skriblar medan eg funderar over kva som skal følgje dei og kva innhald dei skal ha. Mest vil eg seie at eg er her. Javel, kan du seie, kvar har du vore då? Nei, no skal du høyre… ingen stader eigentleg. Rart med det. Eg er eigentleg på nett same staden, men det er
Read more…
Eg vil. Eg vil ein del ulike ting, delvis samstemte, delvis motstridande. Eg vil til dømes blogge, lære kinesisk og at mitt liv skal utrette noko godt i verda. Eg vil dessutan ta vare på kroppen min ved å vere nokonlunde sunn, ha det kjekt med mann, vener og familie og ikkje gløyme å tenkje over dei store spørsmåla som
Read more…
I dag vakna eg til ei verd tilslørd av skjøre glasperler. Den som kunne fanga dei og smykka seg med dei hadde vorte vakrast og rikast i heile verda. I staden kom eit vindpust, ein solstråle og tok dei alle med seg. Ikkje ein gong eit kamera hadde eg å fange glansen med. Somme tider er det flyktige og ufangelege det
Read more…
Dei små orda om livet, Gud, folk og verda, er dei der framleis? Det siste året har lagt beslag på meg på uante måtar. Opphaldet i Kina såg eg komme, men kjærast, trulova og gift innan året var eg rett og slett ikkje budd på. No er det innleiande maratonet over og eg må lande som katten; mjukt og stødig
Read more…
Eg har begått ekteskap! Som det meste anna eg har gjeve meg i kast med er dette noko eg ikkje er heilt sikker på kva er. Men seriøst, korleis i all verda skulle eg vete kva det vil seie å vere gift, eg som aldri har vore det før? Korleis kan nokon i det heile teke vete korleis det å
Read more…
Eg kjenner meg i det filosofiske hjørnet i dag, samstundes som eg ikkje trur eg har klarsyn nok til å hente fram noko ny innsikt. Lat meg reflektere i staden. Eg las somme av dei eldre postane på bloggen min som eg skreiv for eit års tid sidan og eg kan ikkje anna enn å verte “øvegidde” (overgitt, overvelda) over
Read more…
Eg vil forresten blogge eit dikt til. Dette og skreiv eg ein gong i haust. His embrace engulfs me His love overflows me I’m drowning, loosing my breath, loosing my life, loosing myself! . His mouth begs me His arms hold me His eyes capture me His feet follow me His hands lead me His life encapsules me . If
Read more…
Eg har skrive nokre dikt no og då. Eg ser ikkje på meg sjølv som nokon stor poetspire, men eg tenkte med meg sjølv: “Hmmm… blogge dikt? Jah.” Så no gjer eg det. Her er eit eg skreiv i haust ein gong. Sometimes Sudden fear strikes . What if Afterall I’m wrong You’re wrong It’s wrong We’re wrong . Sometimes
Read more…
No skjer det enormt mykje stort i livet mitt, og det er på tide å få bloggen med på lasset. Ikkje fordi alle til ei kvar tid må glo inn i mitt blottlagte liv, men for at dei som vil vete kva som skjer i og rundt meg skal få ei anledning til det. Eg trur dette må verte ein
Read more…