På fredag inviterte eg og Anna våre vener og klassekameratar på norsk eksamensfest. Vi laga punch, kjøpte snacks, fylte det vesle kjøleskåpet vårt med øl og laga speleliste med norsk musikk. Nokre japanarar, to vietnamesarar, ein amerikanar, ein del kinesarar, nokre koreanarar, ein svenske og nokre studentar frå Siri Lanka kom og verka sånn passe komfortable. Etter litt høfleg masing fekk vi dei til å setje seg, forsyne seg med det dei ville og gjerne prate med sidemannen sjølv om det var eit til no ukjend menneske. Etter kvart som alle oppdaga at det ikkje var nokon spesielt skumle kulturelle kodar å forhalde seg til vart det rett så triveleg og det vart dansing i stova til bortimot klokka tre om morgonen.
I løpet av festen på fredag vart vi inviterte i bursdagsfeiring hos den eine studenten frå Siri Lanka på søndag kveld og det var ei ganske artig oppleving. For det første hadde verten latt seg tydeleg inspirere av måten vi hadde organisert festen på, han hadde eigentleg kopiert det meste vi hadde gjort ned i ganske så liten detalj. Då vi kom fekk vi eit glas appelsinjuice (tilsvarande punch) deretter sette han ut skåler med diverse snacks, sette fram øl og gav oss til og med tusjar til å skrive namn på pappkoppane, nett slik som vi hadde gjort.
Ein ting som var heilt annleis enn det eg hadde trudd var seremonien kring bursdagskaka. Bursdagsbarnet skar eit stykke av kaka etter å ha blåst ut lyset, så langt hang eg med. Deretter skar han ikkje eit stykke til kvar av dei andre og kosa seg med stykket sitt, men han tok til å gje kvar enkelt ein bit av kaka si. Først mata han dei eldste og viktigaste og så alle dei andre i sånn ca rekkjefølgje. Då alle hadde fått ein smak av kaka tok dei andre frå Siri Lanka og smurte den siste delen av kakestykket godt utover andletet til bursdagsbarnet til stor allmen åtgaum. Legendarisk! Deretter fekk vi alle eit kakestykke kvar og gnofla i veg.
Ei jente frå Siri Lanka sa noko spesielt. Ho sa at ho hadde hatt det så kjekt på festen vår og at det var første gong ho var blitt invitert på fest hos ein utlending (外国人waiguoren). For det første er det merkeleg at ho ser på oss som meir utlending i Kina enn seg sjølv, deretter var det sært å sjå at ho faktisk tykte det var noko spesielt ved det, som om det var overraskande at vi vestlege utlendingar ville invitere slike auslege på fest. Koreanarane vi kjenner sa noko av det same. Dei hevda vi var så bra personar og at dei likte oss godt fordi vi likar å vere med dei, medan vestlege folk ifølge dei vanlegvis ikkje likar å vere med auslege folk. Uventa, interessant utsagn.